Olaug Nilssens bestillingsverk til Det Norske Teatrets hundreårsjubileum haustar strålande kritikkar i pressa. I stykket møter vi to nabopar. Det eine paret har eit barn og lever eit hektisk kvardagsliv ? eit ?småbarnshelvete?. Det andre paret ventar barn og ser på foreldrelivet frå eit teoretisk og romantisk standpunkt. Dei har heilt klare meiningar om korleis naboane med barn eigentleg burde takle sonen som skrik heile natta. Det ligg ei attkjenneleg uro og ein angst under teksten, for alt som kan gå gale, for at ein ikkje strekker til, og for at ein ikkje gjer dei rette vala i avgjerande situasjonar.
Stort og stygt
ISBN: 8252184340
ISBN 13: 9788252184341
Publication Date: 2013
Publisher: Det Norske Samlaget
Pages: 155
Format: Paperback
Author: Olaug Nilssen